Gilbert gull verdt

Siv Jensen (Frp) sa sist tysdag: «Lege Mads Gilbert, som er medlem av partiet Rødt, kan usensurert i alle medier gi sin versjon av det som skjer. At den er politisk farget er det ingen tvil om, og det reagerer jeg på» (NRK, Kveldsnytt). Når journalistar er nekta innreise og krigsbrotsverk går føre seg, indikerer ho altså at den norske legen burde sensurerast. La no hennar totale tankeløyse liggje. Gilbert og Fosses innsats var i røynda kanskje viktigare enn det samla bidraget til norske troppar i Afghanistan har vore. Dei to norske legane vitnar om at også palestinarar, muslimar og arabarar kan vere inkluderte i eit vestleg solidaritetsomgrep. Difor er dei to, i tillegg til å vere moralske førebilete, tryggingspolitisk gull verdt.

Svein Tuastad

3rd-party-bio

Sandnes

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *